Alle fellestreninger er avlyst pga Koronavirus

Postet av Ski den 11. Mar 2020

Otra IL og skigruppa har bestemt at alle fellestreninger er innstilt etter råd fra Kommuneoverlegen i Evje og Hornnes/Bygland

Her er pressemeldingen fra kommunelegen

Felles pressemelding til innbyggjarane i Bygland og Evje og Hornnes kommunar frå kommuneoverlege Åsulv Horverak 11.03.2020 kl. 13.00  

 

Kommuneoverlegen er regelmessig i kontakt med Folkehelseinstituttet (FHI) og er kjend med dei tilrådingar som dei gir i høve til koronasmitte. Kommuneoverlegen er óg kjend med at det er stadig innstrammingar frå FHI i høve til reiseverksemd og større forsamlingar med tanke på spreiing av koronavirus. 

I løpet av kort tid har tilrådingane med å samle større forsamlingar blitt redusert frå 500 til maks 100 personar. Kommuneoverlegen ynskjer å vere endå meir restriktiv for å hindre utbreiing av smitte. Kommuneoverlegen tilrår difor at alle planlagde samlingar og aktivitetar på fritid vert avlyst, som til dømes møteverksemd/øvingar i regi av lag og foreiningar. Barnehage, skule og anna ordinært arbeid går som normalt med mindre anna er gitt beskjed om. 

Vi har per 11.03.2020 kl. 13.00 ingen personar som er smitta av koronavirus i Bygland og Evje og Hornnes kommunar. Kommuneoverlegen har sett sju enkeltpersonar i dei to kommunane i karantene, etter tilråding frå FHI. Desse har vore i nærkontakt med personar som er påvist smitta. 

Som eit førebyggjande tiltak er det difor valt å førebels stenge Bygland skule. Det same gjeld for Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hornnes. Dette gjeld i første omgang fram til og med 15.03.2020, i påvente av prøvesvar på nokre av dei sju personane som nemnd ovanfor.  

Oppdatert informasjon vil liggje på heimesida til kommunane. Syner óg til informasjon frå folkehelseinstituttet: www.fhi.no 

 

Åsulv Horverak, Kommuneoverlege i Bygland og Evje og Hornnes kommunar 

https://www.e-h.kommune.no/samleside-om-koronavirus.524789.no.html

Arkivbilde


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline