Evje Lysløype - Avtale mellom Forsvaret og Kommunen - Prøveordning
Postet av Langrenn den 29. okt 2026
Hentet fra Setesdølen sin nettside.
Prøveordning hindrar at lysløypa blir stengd
I eit år skal kommunen og Forsvarsbygg teste ei løysing som inneber at lysløypa på Evjemoen blir halden open. Ordføraren ber folk halde seg i løypa.

– No er det viktig at dei som bruker lysløypa faktisk er i lysløypa og ikkje surrar rundt inne i feltet når det er stengt. Hald deg i løypa, seier ordførar Morten Haraldstad (KrF) i Evje og Hornnes.
Over lengre tid har kommunen hatt møter med Forsvarsbygg om Evjemoen skyte- og øvingsfelt. Tidlegare i haust vart det kjent at Forsvarsbygg ønskjer å stenge lysløypa når det er aktivitet i feltet. Det har kommunen protestert mot.
– Vi har hatt ein dialog over lang tid og løysinga kom på plass siste veke, seier Haraldstad.
Det er no semje om ei prøveordning på eitt år der lysløypa framleis blir halden open, sjølv om heile resten av skyte- og øvingsfeltet er stengt på grunn av aktivitet.
– Folk må likevel følgje med på skilting for lysløypa kan stengjast ved enkelte høve, seier Haraldstad.
Turistar og skilt
Ordføraren orienterer kommunestyret om løysinga torsdag føremiddag. Der fortel han om møter med Forsvarsbygg med amper stemning og direkte tale.
– Det har vore ein dialog der vi har vore tydelege på at lysløypa er viktig for innbyggjarane og at det ville vore svært uklokt å stengje lysløypa, seier Haraldstad til Setesdølen.

– Kva slags forventingar har du til prøveordninga?
– Eg trur dette kjem til å gå veldig greitt. Befolkninga i kommunen er vane med at det er aktivitet i feltet og vane med å forhalde seg til den aktiviteten, seier Haraldstad.
I kommunestyremøtet fortel varaordførar Finn Bjørn Rørvik (H) at det har vore tilfelle der bubilturistar har kome i konflikt med eit stengt felt. Han meiner det bør setjast opp skilt og informerast godt for å unngå hendingar til sommaren.
– Det må vere god skilting og informasjon og det er stort sett forsvaret som må stå for informasjon ut til innbyggjarane når feltet skal brukast og stengast, seier Haraldstad til Setesdølen.
På bordet
Ordføraren meiner det er semje om ei god løysing, der Forsvarsbygg har strekt seg for å møte kommunen. Han opplever at kommunen kan leve med at lysløypa blir stengd ved enkelte høve.
– I si tid blei lysløypa anlagt der ho ligg for å unngå konfliktar med skytebanene. Det har ikkje vore konfliktar så lenge eg kan hugse og eg synest det er rart at Forsvarsbygg har vore så harde, seier Egil Kvitne (Ap) i kommunestyremøtet.

Han meiner Forsvarsbygg eventuelt kan byggje ei ny lysløype, til dømes i Triangelet, dersom dagens lysløype skaper for store utfordringar. Det er ei løysing ordføraren stadfestar har vore på bordet undervegs i dialogen.
– Vi må jobbe godt saman og finne løysingar. Det er gledeleg at lysløypa ikkje blir stengd, seier Else Haugland (Ap) i kommunestyremøtet.
Heile denne veka er det aktivitet på Evjemoen skyte- og øvingsfelt. På nettsidene til Forsvarsbygg blir det slått fast at heile feltet unnateke lysløypa er stengt.

Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Langrenn
Høstcup Hopp i Trollbakken
23.10.2026
Svalandsgubben 2026
23.10.2026
