Junior NM på Beitostølen er avlyst til helga

Postet av Ski den 10. Mar 2020

Vedtak om avlysing av arrangement: NM for junior på ski Beitostølen 13. – 15. mars 2020

Smittevernlegen i Øystre Slidre kommune har med heimel i delegert mynde etter smittevernlova, § 4-1 bokstav a, vedteke at arrangementet NM for junior på  ski på Beitostølen 13.-15. mars 2020 skal avlysast.

Bakgrunnen for vedtaket er særleg knytt til råda frå Folkehelseinstituttet dagsett 10.03.2020 om at utandørs arrangement med fleire enn 500 deltakarar som står eller sit tett bør avlysast.

Dette er og sett i samanheng med at Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet peiker på at vi er inne i ei ny fase med ikkje sporbar smittespreiing av CorArrangøren har opplyst at det er påmeldt om lag 1000 deltakarar og at det er forventa om lag 600 personer knytt til støtteapparat og familie. I tillegg vil arrangementet inkludere  mange lokale frivillige.

Smittevernlegen har på dette grunnlaget og etter ei samla vurdering kome til at smitterisikoen ved arrangementet er for høg til at arrangementet kan gjennomførast.

Heggenes, den 10.03.2020
Arild Jacobsen
Kommuneoverlege i Øystre Slidre

Det blir ikke junior NM til helga for Morten Kjetså og Amalie Frigstad. 

Amalie Frigstad.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline